I 11.30-tida søndag føremiddag fekk Sunnmøre politidistrikt melding om ein mistenkjeleg person i Ulsteinvik.

Personen skal mellom anna ha vore i området rundt båthamna i sentrum, og kan moglegvis ha stelt diverse gjenstandar frå båtar og parkerte bilar i nærleiken.

Kjenning av politiet

Politiet opplyser til Vikebladet Vestposten at dei er meir eller mindre heilt sikre på at dei veit kven den mistenkte er, og at han er ein kjenning av politiet.

Den mistenkte er ikkje funnen enno, men operasjonsleiar Ole Bjørn Harang stadfestar at dei likevel har god kontroll på personen.

Det er funne ulike gjenstandar som truleg kan stamme frå nærliggande båtar og bilar. Dette skal politipatruljen i Ulsteinvik no undersøkje, slik at dei får kartlagt kva som eigentleg har skjedd.

- Sjekk bilen og båten

Sjølv om politiet har gode spor i saka, ber Harang om at publikum som har båtar eller parkerte bilar i området rundt Shell sjekkar om alt framleis ligg der det skal.

Om det er noko som manglar, oppmodar han om å ta kontakt med poilitet snarast råd slik at dei får opprette sak.

Harang er ikkje sikker på kor store verdiar det er snakk om, men at det ikkje nødvendigvis er prislappen på gjenstandane som er det viktigaste.

- Sjølv om det kanskje ikkje er snakk om altfor dyre ting, kan gjenstandane ha ein stor verdi for den som eig dei. Ein ting er å miste ein gjenstand, men kjensla av at nokon har trengd seg inn i ditt private område er noko anna, slår Harang fast.

Scootertjuveri

Også i Herøy vart det meld om eit tjuveri 1. påskedag.

Om lag klokka 12.44 fekk politiet melding om at ein scooter, med registreringsnummer som startar med UP, har blitt stolen i Tjørvåg.

Politiet ønskjer tips i denne saka.