Med knapt ei einaste sky på himmelen, var det svært så attraktivt å ta turen til eitt av fjella rundt om på Hareidlandet denne 1. påskedagen.

Som ein ser på biletet øvst i saka, var det mange bilar som stod parkerte på og rundt parkeringsplassen ved Hasundhornet.

Også Høgåsen på Dimnøya var eit turmål for ein god del ivrige fjellmenneske. Mellom anna observerte Vikebladet Vestposten ein smilande Franjo Tepuric saman med familie og kjentfolk på denne toppen.

Sidan vêrmeldingane også ser lovande ut framover, vil det truleg vere fleire moglegheiter til å vandre i fjella dei komande dagane.