Alle konfirmantane i Hareid og Ulstein deltok rett før påske i årets fasteaksjon. Pengane går som vanleg til Kirkens Nødhjep sitt arbeid.

- Svært god innsats frå konfirmantar, foreldre og frivillige gav innsamlingsrekord i både Hareid og Ulstein, fortel Lars Erling Bjåstad Hovlid som er distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp.

I Hareid vart det samla inn i overkant av kr 63.000, noko som gir eit snitt på 12,60 pr innbyggar, og i Ulstein kr 120.000,-,  som gir eit snitt på kr 14,83.

- Dermed vart det altså Ulstein som stakk av med sigeren i tevlinga om kven som klarte å samle inn mest også i år. Konfirmantane her får ei lita oppmuntring på neste samling. Viktigast er det likevel at pengane frå både Hareid og Ulstein er med på å skape forandring for nokon av dei som har minst å klare seg med. Det gjer rekorden ekstra kjekk. Takk til alle som gav og til konfirmantar, foreldre og friviljuge for vel gjennomført aksjon, rosar Hovlid.