Årets Globalløp i Ulsteinvik vert arrangert av Sunnmøre Folkehøgskule komande laurdag. Aksjonen skal gå til prosjektet Ilula Orphan Program i Tanzania, som vart starta av norske Berit Skaare i 1998 (offisielt stifta i 2000).

Tette band

– IOP gir jenter eit støttande miljø, mogelegheiter til utdanning og arbeid. I tillegg blir det jobba for å spreie kunnskap i samfunnet og i Masai-stammene, fortel Penina Chauala, som er ein del av utvekslingsprogrammet «Exchange for change».

Dei siste fem åra har Sunnmøre Folkehøgskule utvikla eit tett band til IOP og Ilula YWCA, og i desse åra har også skulen arrangert turar til Tanzania.

I tillegg til å drive barneheim for foreldrelause jenter, organiserer programmet og sponsing av utdanning, og tidlegare i år kunne organisasjonen i samarbeid med Sunnmøre Folkehøgskule starta opp ein eigen «folkehøgskule» for jentene som blir for gamle til å bu på barneheimen.

Kan utgjere ein stor forskjell

– Vi ser tydeleg at pengane kjem fram dit dei skal, og vi kan sjå at det kjem resultat ut av planane i prosjektet, fortel Emilie Wilhelmsen, som går på Internasjonal linje på folkehøgskulen.

– Berit Skaare solgte mykje av det ho eigde, flytta til Tanzania for å hjelpe andre. Ho har fått støtte frå vener rundt om i verda og etterkvart så har ein fått på plass støtte frå mellom anna Norge, USA, Nederland og Luxemburg. Iringaregionen er ein av dei stadane der det er høgast dødelegheit grunna HIV/AIDS, og dette er noko av det IOP arbeider med, fortel Wilhelmsen.

– Det vi gjer her, kan utgjere ein stor forskjell. Berre nokre få kroner herifrå kan bety mykje. Det handlar om å hjelpe andre, slik at dei kan hjelpe seg sjølv, slår kenyanske Richard Omondi fast.

Han var med på å springe under Globalløpet i fjor, og då sette han ein rekord det skal noko til å slå i år.

– Eg sprang 23, 5 kilometer, seier Omondi, som håpar mange frå Ulsteinvik vil ta turen ut i gatene og springe nokre rundar i sentrum.

Ope for alle

Sjølve løpet går denne ruta: Rådhusplassen – Geilane – Gjerdegata – Reiten – Rådhusplassen og er på ein kilometer.

– Det blir oppvarming før løpet, samt global marknad, liv og røre på Rådhusplassen. Det blir mykje som skjer, fortel Hilde Maria Espelid som er idrettslærar ved skulen.

Globalløpet er ope for alle som vil delta, og deltakarane kan skaffe seg sponsorar som gir ein sjølvvalt sum for kvar kilometer. Eller ein kan sponse seg sjølv. På denne måten reknar ein med at det kan vere litt ekstra motivasjon i å presse seg litt ekstra, sidan innsatsen vil gå til ei god sak.

– Vi håpar mange tek turen til Ulsteinvik sentrum på laurdag, og at mange vil vere med i løpet. Eg synest dette er noko som kan gje lokalbefolkninga ein grunn til å vere stolte over Sunnmøre Folkehøgskule, og at ein samstundes kan verte meir bevisste på kva som skjer rundt om i verda, seier Richard Omondi.