Reguleringsplanen skal ut på høyring, og folk skal få rikeleg høve til å uttale seg, forsikrar ordførar Anders Riise i ein kommentar til Runar Haddal, Terje Kaldhol og Siv-Marit Røyset Kaldhol. Dei tre er uroa over at traseen skal kome ut av Melshornet ein eller annan staden i Kaldholen, og deretter truleg gå i fri ferdsle gjennom naturreservatet.

Riise peikar på at det i Planprogrammet til Hareid kommune når det gjeld traseen for Hafast er rita opp ei mengde område som det skal takast omsyn til. Blant desse områda er også omsyn til Grimstadvatnet naturreservat.

Ikkje bestemt kvar traseen blir

Kvar utløpet for tunnelen gjennom Melshornet skal kome ut, er ikkje sagt noko konkret om. I planprogrammet er det førebels sett av eit belte på fleire 100 meters breidde.

Ordføraren kan ikkje seie kva tid reguleringsarbeidet kan starte opp, eller kven som skal stå for det vidare planleggingsarbeidet. Det skal mellom anna søkjast om planleggingsmidlar  frå storting og regjering.

- Folk skal få rikeleg tid

- Folk skal få rikeleg høve til å uttale seg om traseen når reguleringsplanen blir sendt ut på høyring. Innspela vil munne ut i ein reguleringsplan. Og når den er vedteken, kjem detaljreguleringa, forklarer han.

- Vanskeleg å ikkje kome i kontakt med naturreservatet

- Er du samd i at det må takast mest mogleg omsyn til naturreservatet?

- Ja, men naturreservatet deler Hareidsdalen i to. Det blir vanskeleg å leggje ein ny riksvegtrasé gjennom Hareidsdalen utan å kome i kontakt med naturreservatet, svarer Riise.

Uro i Kaldholen