Ulstein kommunestyre startar neste møte med å diskutere skule i lag med foreldre og andre interesserte.

Komande tysdag er det kommunestyremøte i Ulstein. Første bolk av programmet er lagt til Sjøborg. Der vil professor Hans Bonesrønning frå NTNU førelese om temaet «Frå ressursstyring til resultatstyring. Norske elevresultat».

Før Bonesrønning får ordet vil ordførar Jan Berset orientere om satsinga Den gode Skuleeigar. Når Vikebladet Vestposten kontakta Berset onsdag ettermiddag fortel han at dei er på siste kursdag i denne satsinga. Han håpar på fullt hus tysdag og har stor tru på at dette blir eit godt møte.

Det er sendt ut innbeding til alle foreldre til born i skulane i Ulstein kommune. Kommunen set også inn annonse for å fortelje at dette er eit ope møte.

– Dette bør gjelde oss alle saman, meiner den tidlegare rektoren ved Ulstein vgs.

Han seier at foreldra si rolle er veldig viktig for å oppnå gode resultat i skulen.

På møtet vil dei også ta opp forskingsbasert tilnærming i kvalitetsarbeid, openheit og refleksjon rundt læringsresultat og elevmiljø og positiv ansvarleggjering av lærar og rektor.