Ei oktobernatt i 2010 var det innbrot i to gullsmedforretningar i Ulsteinvik. Det var med Birger Sunde og PF Waage AS.

Innbrottstjuven vart fanga opp på film av eit videokamera, men innbrotet vart aldri oppklara.

Fann to plastsekker

I påska kom ein familie frå Namsos over to plastsekker fulle med smykke og ringar. Dei feira bursdag i fjøra på Sula. Finnarane trudde først at funnet var verdt over ein halv million, ut ifrå prisane som stod på smykka.

Historia vart omtala både i Sunnmørsposten, nrk.no og Vikebladet Vestposten.

Dei siste åra har det vore fleire gullsmedinnbrot på Sunnmøre og det vart spekulert i kven dette kunne vere sine smykke.

Etter nærare etterforsking viser det seg at verdien er funnet truleg ikkje er så høg, då det er utstillingssmykke.

Trur det er hans

Arild Waage på PF Waage AS har framleis ikkje sett smykka sjølve når Vikebladet Vestposten tek kontakt med han onsdag føremiddag, men han har sett bilete av smykka. Og han meiner å dra kjensel på det han ser.

– Eg kjenner att desse bretta, kommenterer han.

Han har vore i kontakt med politiet for å tipse om at dei truleg er hans, men ikkje høyrd noko meir.

– Trur du at du no får att smykka?

– Det har eg ikkje tenkt over, svarer Waage.

Det er utstillingsvarer, så dei har ikkje store verdien. Men han synest det er spennande å sjå kva som no skjer.