Grimstad har budd langs riksvegen på Grimstad, Hareidsvegen, nesten heile sitt liv. Biltrafikken har auka frå år til år, og er no i snitt på 8000 bilar per døgn. Grimstad bur på nedsida av Hareidsvegen, og snart skal neste generasjon med små born overta huset hans. Dei må prentast inn kor forsiktige dei må vere når vegen skal kryssast.

Då borna til Arild Grimstad var små var foreldra alltid med dei då dei skulle krysse riksvegen. Det må nok også neste generasjon bu seg på å gjere nokre år framover.

Sparka fotball på riksvegen

- Riksvegen gjennom Hareidsdalen vart bygd i 1961-62. Ingen kunne då tenkje seg at trafikken skulle auke så kraftig. Dei første åra sparka vi gutungane fotball på vegen. Vi tok vekk måla kvar gong det kom ein bil, minnest han.

Viktig for næringslivet

Men det er ikkje berre tanken på mindre trafikk langs Hareidsvegen som gjer Arild Grimstad glad for Hafast-vedtaket. Han var i sju år dagleg leiar for Verkstadforening for Ytre Søre Sunnmøre, i dag Mafoss, og han er overtydd om at fastlandssambandet til Sula og Ålesund vil bli viktig for næringslivet å Ytre Søre.

- Dei to største skipsverfta i regionen ligg i Ulstein kommune, og vi har store bedrifter som Rolls-Royce og anna maritim industri. Skal bedriftene få utvikle seg inn i framtida, må det leggjast til rette for det, og med Hafast på plass vil det bli mykje lettare å skaffe seg dei fagfolka som trengst. Eg er også overtydd om at det vil bli meir attraktivt å busetje seg i regionen vår, kommenterer Arild Grimstad.

- Alle er glade for Eiksundsambandet i dag

Han kan hugse at det var protestar både om å byggje Herøybrua og Eiksundsambandet, men tviler på om det i dag er nokon som framleis meiner desse to sambanda ikkje skulle ha vore bygde.