Ei kran på ein lasteplan har segna saman, og ein mann har fått deler av krana over seg, melder operasjonssentralen til politiet.

Helsepersonell kom til staden i både ambulanse og helikopter.

Den skadde mannen har fått brotskader, og er frakta frå staden.

Politiet er i ferd med å avhøyre vitne, men har førebels ikkje konkludert med kva som var årsaka til ulykka.