Torsdag ettermiddag har det vore kaotiske tilstandar ved Hareid ferjekai. Ettersom ei av dei vanlege ferjene er bytta ut med MF Folkestad, som berre tek 90 køyretøy, blir mange bilar ståande att frå om lag 14.00 og utover.

I ettermiddag vart det amper stemning og mykje fløyting etter at feil rekkjer vart sleppt ombord i ferja først. Dette var til stor irritasjon for bilistane som ikkje kom med avgangen før.

MF Folkestad skal vere i trafikk denne veka, medan MF Ullensvang skal settast inn i sambandet om ein to vekers tid. Då vil det truleg også verte liknande problem på tidspunkta med høg trafikk over dette sambandet.