Ein gjennomgang av rutinene i Hareid Brannvern har ført til at kommunen har fått pålegg om å innføre vaktlag.

Men den økonomiske situasjonen i kommunen gjer at det ikkje er aktuelt før i løpet av 2017, går det fram av det vedtaket Hareid kommuenstyre gjorde sist torsdag.

Kommunestyret hadde valet mellom eit framlegg frå FrP v/Kjartan Grimstad, som ville ta opp spørsmålet ved den komande budsjetthandsaminga, og formannskapet si tilråding om innføring i 2017.”Året 2017” fekk fleirtal med 14 mot 7 stemmer.

- Ingen ting å leike seg med

Kjartan Grimstad (FrP) viste til ein brann som nyleg hadde vore i Brandal der mangel på vaktordning tydeleg viste risikoen.

Det hadde møtt opp berre ein røykdykkar - og så vidt Grimstad visste, så var det ikkje lov å gå inn i brennande hus med berre ein røykdykkar.

– Det er å leike seg med liv. Vi forlangar for mykje av eit frivillig brannvern, sa han.

Stian Runne Brandal (AP) ville også gjerne ha vaktlag, men sidan det også var eit økonomisk spørsmål, fann han det rart at FrP i ei tidlegare sak i møtet (botnfrådrag i eigedomsskatten) gjekk inn for å redusere kommunen sine inntekter.

- Lever på ein knivsegg

Rådmann Grytten var samd i at det var ein fortvila situasjon at Hareid Brannvern ikkje kunne ha vaktlag.

Det er ikkje ønskjeleg og det er ikkje med lett hjerte vi ikkje seier ja no. Men det er ikkje rom i budsjettet for 2014 - og dei neste tre åra må vi også dekke inn tidlegare underskot. Vi lever eigentleg på ein knivsegg. Så langt i år er drifta i rimeleg balanse, men inntektsprognosen seier at vi kanskje får 2,4 millionar mindre i rammeoverføring enn budsjettert og at vi får eit tillegg på 2,1 mill. kroner i barnehagesektoren.

Øyvind Grimstad (FrP) minte – med adresse til AP - om at FrP i budsjettmøtet i desember hadde foreslått ny skulestruktur i kommunen og innføring av kontantstøtte – noko som ville ha gitt store innsparingar. – Men AP stemte i mot.