Ulstein Rådhus får kritikk frå brannvesenet for dårlege rømmingshøve frå kommunestyresalen.

Ulstein brannvesen har gjennomført tilsyn med Ulstein rådhus og atter ein gong peikar dei på dårlege rømmingshøve frå kommunestyresalen i tredjeetasjen. Tidlegare har kommunen lovd å gjere noko med dette. Det skulle inn i økonomiplanen for 2014, men det skjedde ikkje. Difor vel tilsynsmyndet å skrive pålegg.

Rømmingsvegen har vorte testa av funksjonsfriske personar. Det tok lang tid å kome seg ut på stigen. Forsøket var ikkje heilt utan risiko, skriv brannsjefen. Han stiller spørsmål med korleis ein mindre førleg person vil kunne bruke rømmingsvegen om den ordinære rømmingsvegen ned trappa er sperra?

Tiltak for retting av pålegg skal vere utført innan 20. august 2014.

I den branntekniske skildringa frå sommaren 2004 er det ramsa opp 17 feil, ein av dei er alternativ rømmingsveg frå tredjeetasjen.

Siste brannøving var i desember 2012. Det er planar om ei ny i slutten av 2014.

Rapporten er sendt til Ulstein Eigedomsselskap KF.