Etter å ha opna det felles NAV-kontoret i Ørsta/Volda gjekk turen til Hareidlandet for Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (FrP).

I strålande sommarvêr vart han teken imot hjå Rolls-Royce Propulsion av mellom anna plassjef Dag Skarbø, som fortalde kort om Rolls-Royce si verksemd i Norge.

IA-avtale sidan 2003

Arbeids- og sosialdepartementet har innført ei ny intensjonsavtale for inkluderande arbeidsliv (IA-avtale), som trer i kraft 1. juli, og i samband med dette fekk statsråden høyre om arbeidet Rolls-Royce har gjort for å få ned sjukefråverstala.

Personalrådgjevar Ann Skotheim fortalde at Rolls-Royce hadde eit høgt sjukefråvær rundt byrjinga av 2000-talet.

– Vi signerte den første IA-avtalen i 2003 og etter dette har vi hatt sterk nedgang i fråværet, fortalde Skotheim, og la til at ein dei seinare åra har hatt stabilt sjukefråvær på under fire prosent.

Færre ulukker

Også personalsjef Ole Martin Grevstad og HMS-sjef Oddbjørn Dimmen fortalde ministeren litt om korleis Rolls-Royce har teke grep med mellom anna førebyggande tiltak, god kommunikasjon mellom leiinga og dei tilsette, samt stor grad av tilrettelegging.

Oddbjørn Dimmen sa at der ein tidleg på 2000-talet hadde ei rekkje ulukker kvar månad som sette folk ut av arbeid, er ein no nede i ei slik ulukke i året.

Med den nye avtalen skal bedriftene få ein enklare kvardag i bruk av IA.

Mindre skjemavelde

– Vi endrar fokus frå skjema og stivbeinte reglar og over på einskildmennesket, sa Eriksson då den nye avtalen vart presentert.

Arbeids- og sosialministeren var tydeleg imponert over arbeidet som har vore gjort hjå Rolls-Royce.

– Sjukefråverstala går opp og ned, men vi ser at bedrifter som har gode kulturar, frå leiing og ned, samt frå golvet og opp, får til dei gode resultata, sa Eriksson som meinte han fekk eit tydeleg bilete av ei bedrift der dette fungerte.

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson var og på besøk hjå Ulstein Group, der han mellom anna var om bord på det siste nybygget frå Ulstein, subseaskipet ‘Island Performer’. Den maritime klynga og IA-avtalen var to av temaa på besøket.

– Gjennom målretta arbeid har vi greidd å redusere fråværet med heile 50 prosent, kunne HR-direktør Torild Bugge fortelje statsråden. Ulstein vedtok i 2002 å bli ei IA-bedrift, og målet den gongen var å redusere sjukefråværet med 20 prosent.