Sunnmøre politidistrikt meldte laurdag kveld at det sto flammer frå ei løe på Dimnøya.

Vår utsendte på staden kunne ikkje sjå anna enn nokon som fyrte bål ved sjøen, då han tok seg ei runde rundt øya, og 21.55 stadfesta politiet at det ikkje var brann likevel.

Sunnmøre politidistrikt skriv dette på twitter: "Ingen brann, kun bålbrenning på Dimna i Ulstein kommune."