Natt til sundag vart det gjennomført eit søk etter ein grunnstøtt båt i området mellom Ryssevika og Nautøya i Herøy. Det var vitner som hadde høyrt ein smell i området, melder Sunnmøre politidistrikt.

Både ambulansebåt og redningsskøyte vart sett inn i søk i tjukk skodde, og til å byrje med var det vanskelege forhold for søket.

Sunnmøre politidistrikt melder at søket vart innstilt 03.45. Då hadde skodda letta og området var grundig gjennomsøkt, utan at noko vart funne.