Det tyske ekteparet Dieter og Walburga Hoffmann har dei siste vekene vore på rundtur i Norge. Før avreise frå heimstaden deira like utanfor Frankfurt hadde dei nøye planlagt ei lang reiserute.

- Planen var at vi skulle køyre frå Kristiansand til Mandal, vidare til Preikestolen, så til Norheimsund, Gudvang, gjennom Geiranger, deretter til Trollstigen, før vi tok turen opp til Trondheim, forklarar ekteparet.

- Etter det så skulle turen gå tilbake til kysten via Kristiansund og Ålesund, og så innom Florø, Balestrand, Bergen, Haugesund, Stavanger, Flekkefjord og Larvik før vi reiste tilbake til Tyskland.

Punkterte

Men planen gjekk meir eller mindre i vasken eit lite stykke etter at dei køyrde av ferja på Hareid.

- Vi var på veg frå Ålesund til Florø. Og 15 kilometer før ferjekaia på Årvik så fekk vi eit flatt dekk, forklarar Dieter.

Etter punkteringa ringde dei bilberging, og fekk henta bilen. Men det var det minste problemet.

- NAF prøvde å ringde til kontora i både Oslo og Trondheim, men ingen hadde slike dekk. Dekka er jo så breie, så det var ikkje muleg å få tak i dei i Norge, ler Walburga smått oppgitt.

Det enda med at ekteparet måtte få tilsendt heilt nye dekk frå Tyskland.

- Så vi fekk ein tysk bilklubb til å sende nye dekk til Ålesund. Dagen etter så plukka vi det opp på bilverkstaden og bilen var god som ny igjen, forklarar Dieter.

- Så då køyrde vi i den same retninga igjen, mot Årvik, og tre og ein halv kilometer før Årvik så skjedde det igjen på den andre sida. Det er rett og slett ikkje til å fatte, seier Dieter lettare sjokkert.

- Ubegripeleg

Hoffmann-ekteparet rinde då endå ein gong til bilberging, og så gjekk dei gjennom det same opplegget ein gong til.

- Vi fekk tilsendt eit nytt dekk frå Tyskland og så hentar vi bilen i Ålesund, men sidan vi ikkje kan hente dekket i helga så må vi vente til måndag, forklarar Walburga.

Det betyr at ekteparet måtte bruke seks dagar av den planlagte trevekersturen sin rundt om i Norge.

- Vi hadde booka hotell og alt før vi drog. I to av desse vekene så reiste vi rundt i Norge, medan ei av dei var brukt her. Så det øydela jo litt av ferien vår. Forhåpentlegvis rekk vi ferga tilbake til Tyskland, for den reiser på tysdag, seier Walburga spent.

- Kva tenkte de når det andre dekket dykkar vart flatt - på den same vegen som det første?

- Det var heilt ubegripeleg. Ein tenkjer jo at det ikkje kan vere sant, seier dei i fellesskap.

- Eg har køyrt Porsche i 20 år, men eg har aldri fått eit flatt dekk. Og plutseleg så skjer det to gonger på eit par dagar, fortel Dieter med eit spørsmålsteikn hengande over seg.

Likar Norge

Dieter forklarar at den første punkteringa var i og for seg forståeleg, ettersom han var uheldig og køyrde over ein metallgjenstand som låg i vegbanen, men den andre gongen er det ingen av dei som forstår kva som har hendt.

Sjølv om dei fekk ei lei avslutning på ferien sin, har dei framleis mykje til overs for Norge.

- Inntrykket av Norge er vidunderleg, så vi likar Norge. Vi var berre litt uheldige denne gongen, seier dei og nikkar til kvarandre.

At det ikkje gjekk så veldig bra denne gongen set derimot ingen dempar for ein ny Norge-visitt i framtida, men kanskje ikkje med eigen bil.

- Vi kunne godt tenkje oss ein til nord, men då tek vi fly og leiger ein bil, smiler dei.

God tid

Sidan Walburga og Dieter er stranda i Ulsteinvik til måndag, må dei berre prøve å finne på noko anna i mellomtida.

- Vi kjem til å sjå kor langt vi kan køyre med bilen som vi har leigd. Vi var også til Runde i går, medan i dag får vi gå litt i fjella og sjå oss litt omkring. Vêret er jo bra og vi har for so vidt god tid, seier dei og bryt ut i latter.

Og trass at det øydela ferien, var det ikkje heilt bortkasta heller.

- Vi får ta humoren i det, for det er ikkje så mykje vi kan gjere med det. Vi hadde heller ikkje trudd vi skulle hamne i lokalavisa her då vi drog frå Tyskland, så det vart jo ei fin historie å ta med seg, vedgår Walburga.