Det vart ei arbeidssam natt for Sunnmøre politidistrikt natt til søndag.

Ved 00.37-tida fekk politiet melding om ein aggresiv person på Hareid. Denne person skal ha sparka i postkasser på vegen sin. Saka vil bli meld av politiet.

Elles var det eit par oppdrag å ta seg av i Ørsta denne natta.

Like før klokka 00.30 fekk politiet melding om bråk og slossing i Ørsta sentrum. Situasjonen stansa før politiet kom til staden.

I 04.00-tida måtte ei politipatrulje stoppe ein privat fest i Ørsta, etter å ha fått klage frå nabolaget om støy.

Ein halvtime seinare tok patruljen hand om ein berusa mann som låg på gata i Ørsta. Mannen vart køyrt heim og eit familiemedlem skulle passe på personen.

Elles var det fleire hendingar i Ålesund med feststøy eller rusa personar som politiet måtte ta hand om.