Om lag tre hundre båtar var samla i Bjørvika, Oslo denne helga, som er den største mobilseringa av farty og kystkultur nokon gong i Norge.

Kyststemnet var ein del av den offisielle markeringa av Grunnlovsjubileet.

Medan dei tidlegare medlemmane var folk som hadde eiga erfaring frå storheitstida for fiskeri med slike båtar, må dei nye medlemmane få dette formidla.

Hindholmen har derfor eit flott museum i lasteromet som gjennom gjenstandar og bilder viser tida frå då båten dreiv med fiske.

Båten er i skrivande stund på veg ut Oslofjorden. Neste store arrangement vert open båt under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i august.