- Folk har ikkje lenger nært kjennskap til det tradisjonelle beitebruket. Dei kan mislike gjengroing og ønskjer at kulturlandskapet vert halde ope. Samtidig kan mange irritere seg over beitedyr rundt hytteområdet, som faktisk er «slåttekarane» som held landskapet ope, seier landbruksdirektør Anne Berit Løset hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Ifølgje Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine nettsider er mange sauebønder fortvilte over nedbrotne gjerde og grinder som ikkje vert lukka inn i beiteområda. Dei brukar mykje tid på å fange inn igjen dyr som er på vidvanke. Det verste er å finne skadde eller drukna sauer og lam som er blitt jaga av lause hundar. Landbruksdirektøren ønskjer at fleire kan ta omsyn til beitedyra i kulturlandskapet - som å lukke grinda etter at ein har gått gjennom og å halde hunden sin i band.

- Kulturlandskapet er eit fellesgode produsert av beitedyra som heile samfunnet dreg nytte av. Goda kan nyttast av alle, dei vert ikkje forbrukte, og dei kostar lite eller ingenting. Attgroing trugar opplevinga, estetikken, utsikta og kor tilgjengeleg og framkommeleg landskapet er. I tillegg til eit ope landskap med utsikt, består det landbruksproduserte kulturlandskapet også av bygningsarv og kulturminne, matvaretryggleik, høgt biologisk mangfald og mykje meir, seier Anne Berit Løset.