Sunnmøre politidistrikt skriv at personar busett på Sunnmøre no kan søkje politiattest elektronisk. Den nye politiregisterlova vart gjeldande frå 1. juli og då kom det også endringar i korleis attestar blir handsama, kan ein lese på politiet sine nettsider.

Dette er ei teneste som skal verte tilgjengeleg i heile landet, men førebels er det ikkje alle som kan gjere dette, skriv politiet. Sunnmøre er eitt av distrikta der dette er mogeleg.

Alle søknadane frå Sunnmøre vert handsama ved politiet si eining for vandelskontroll og politiattestar i Vardø.