Møre-Nytt skriv på si nettavis at sorenskrivaren hjå Søre Sunnmøre tingrett i Volda, Elisabeth Wiik, meiner at tilsettingssituasjonen ved tingretten ikkje er forsvarleg.

Ifølgje Møre-Nytt har ein bøtt på manglande arbeidskraft gjennom kortvarige ekstraløyvingar og midlertidige tilsetjingar, men at det no er slutt på dette frå nyttår.

Wiik vil no søkje Domstolsadministrasjonen om å få ei fast stilling som tingrettsdommar til Søre Sunnmøre tingrett.

– Det er utilrådeleg å bøte på eit varig og vesentleg behov for arbeidskraft gjennom kortvarige ekstraløyvingar. Dette gjer at vi får unødig usikkerheit rundt tidfesting av saker, det gjer oss mindre fleksible og meir sårbare, seier Wiik til Møre-Nytt.

Til avisa seier Wiik at tingretten har meir enn god nok sakstilgang og at ein per i dag er underbemanna med om lag 30 prosent.