I ei pressemelding frå Redningsselskapet tek mannskapet på redningsskøyta Emmy Dyvi, stasjonert i Fosnavåg/Ålesund, til orde for at ein må passe på kvarandre i møtet mellom badande og båtfolk. Med det flotte sommarvêret vi har og høge temperaturar er det mange som finn vegen ut i havet.

- Dei fleste er flinke, men vi har sett ein del uvettig båtkøyring der folk badar. Høg fart gir dårleg oversikt og skaper bølgjer som kan lage problem, seier skipsførar Vidar Johannesen.

I pressemeldinga fortel Johannesen at det har vore observert båtfarar som gir gass alt for tidleg i område der badeområde ligg i nærleiken av båthamner.

- Avpass farta og vis omsyn til dei som badar. Hugs at det er vanskelig å sjå eit hovud i sjøen, og tenk på at folk hoppar, dykker og symjer under vatn, seier Johannesen, og legg til at i 30 knop har ein ikkje sjans til å sjå ein som badar.

Han oppmodar også båtfolket om å halde god avstand til land og unngå å køyre for tett opp mot badeplassar, medan dei som badar må vere merksame på at dei kan vere vanskeleg å få auge på.

Den siste veka har redningsskøytene rykt ut til fleire drukningsulukker relatert til bading.  Seinast i går blei redningsskøyta ”Stormbull” utkalt til ei ulukke utanfor Stavern der ein mann omkom. Skipsførar om bord, Ruben Langseth, ber folk  ta vare på kvarandre når dei badar.

- Pass på at nokon veit at du er ute og badar, og gå på land om du føler deg kald eller uvel. Du bør heller ikkje legg ut på lange svømmeturer utan at du er trent for det. Men for all del: Nyt sommaren og bad, seier Langseth.

Skipsførarane sine råd dersom uhellet er ute

  • Få personen opp av vatnet

  • Tilkall hjelp og ring 113

  • Åpne luftvegane ved å bøye hovudet bakover. Sjekk om personen pustar.

  • Dersom personen har puls og pustar, legg du han/henne i stabilt sideleie

  • Start hjarte- og lungeredning (30 brystkompresjoner og 2 innblåsningar) dersom personen ikkje puster. Hold på til det kjem folk med meir kompetanse og utstyr.