I bakken på veg ned mot Hasund/Dimnakrysset i retning Ulsteinvik, står ein buss og sperrar eine køyrefeltet. Bussen er merka med ein varseltrekant.

Det er ei punktering som fører til at bussen har blitt ståande, og folk på staden melder om at det vart høyrt eit kraftig smell.

Det skal vere mogeleg å passere bussen, men det kan vere lurt å vise omsyn til den møtande trafikken.

Veit du noko om dette? Send ein e-post til redaksjon@vikebladet.no