– Ja her er det bra aktivitet. Vi kan ikkje ta sommarferie når marknaden ikkje har sommarferie, seier plassjef Hans Kristian Opsal. Opsal og prosjektleiar Tor Inge Nordmo tok underteikna med på ein rundtur på det nye skipet.

No er det berre det siste småplukket som står att på det 90,4 meter lange og 20 meter breie skipet som ligg trygt plassert i flytedokka ved Myklebust Verft i Gursken. Søsterskipet Ocean Star er allereie overlevert til det Sotra-baserte reiarlaget Atlantic Offshore, og skal døypast i Bergen fredag. No er det altså snart Ocean Art sin tur.

– Begge skipa har eit VS485-design, men er noko forlenga utgåver. Elles så er skipa standard offshore supplybåtar, som skal inn på kontrakt med Statoil, seier Hans Kristian Opsal.

– Det som skil desse båtane litt ut frå mengda er den litt spesielle utforminga av lastedekket, og då tenkjer eg spesielt på «cargo-rails», eller toppen på sideveggane på skipet. Dei er ikkje rette, slik som på dei fleste skip, men skråa. Det har blitt slik på grunn av ein ny HMS-trend, der kranførarane på plattformane har kome med innspel til korleis dei meiner skipet burde vere utforma. Med denne litt annleis utforminga får dei betre sikt og kontroll over det som skjer på dekk, fortel prosjektleiar Tor Inge Nordmo.

Moderne PSV

Supplyskip blir ofte kalla for «sjøens lastebilar». På same måte som dei landbaserte lastebilane stadig blir fornya med tanke på støy og design, skjer det mykje nytt med supplyskipa også.

– Ocean Art er ein moderne PSV med dieselelektrisk framdriftssystem. Skipet har ein høgare komfortklasse enn eldre båtar, og det er veldig støysvakt, fortel Nordmo.

Om det har vore travelt til no i år, med 3 nybygg, så ventar nye og større båtar til hausten som skal leverast til neste år.

– Vi er i god vekst, noko som er bra for Myklebust Verft, som neste år kan feire 100-årsjubileum. Neste år vil vi også høgst truleg oppleve tidenes omsetning her ved verftet i Gursken, seier plassjef Hans Kristian Opsal til slutt.

Sjå bileteserie øvst i saka.