– Ja, vi vil også ha med nordmenn. Det må vere med nokon som kan hjelpe til med å halde i gang samtalen, slår Camilla Storøy Hermansen fast.

Ho er prosjektleiar i Bulyst-prosjektet i Ulstein og Herøy, som arbeider for å gjere kommunane meir attraktive for busetjing.

Treng norske «allierte»

Frå august vert det starta opp eit tilbod som både skal gje språktrening i norsk språk, men og auka kunnskapar om kommunen og samfunnet generelt.

Tilbodet er retta inn mot arbeidsinnvandrarar og tilflyttarar til kommunane, men som Hermansen seier, så har ho planar om å alliere seg med nordmenn som vil ta del i opplegget.

– Det første møtet blir 26. august, her i Ulstein rådhus, fortel Storøy Hermannsen. Då skal ein mellom anna gå inn på offentlege tenesteytingar. I tillegg vil det vere høve for å slå av ein prat med ordførar Jan Berset.

– Det skulle berre mangle at vi er med på dette. Mange kjem til Ulstein ei periode og deretter reiser igjen, men vi må legge til rette slik at dei vil slå seg ned på sikt, fortel han.

Fire møter

Ordføraren meiner det er svært viktig for Ulstein kommune at ein får tilflyttarane til å bli verande.

Berset er klar på at ein viktig grunn til kommunen si utvikling er tilførsel av mellom anna utanlandsk arbeidskraft.

– Då må vi legge eit grunnlag, gjere det trivelegare og meir fornuftig å kome og slå seg ned i Ulstein.

Det nye tilbodet innan Bulyst-prosjektet har plass til om lag 20–30 personar. Totalt skal det gjennomførast fire møter, eitt på rådhuset, deretter Ulstein bibliotek, ute hjå ei bedrift og samt eit møte som ikkje er heilt fastsett, men som skal ta føre seg frivilligheit og dugnadsånda som mange tilflyttarar ikkje kjenner så godt.

– Gjennom å verte godt informerte om Norge og om Ulstein så trur vi dette vil gjere integreringa lettare og vi håpar å kunne skape tilhøyrsle gjennom kunnskap, seier Storøy Hermannsen.

Mange kan litt

Prosjektleiaren peikar også på tilbodet som ein viktig sosial arena, der ein både kan møte andre tilflyttarar, men også knytte band til nordmenn.

– Mange av dei som kjem hit lærer seg litt norsk, men ender opp med å nesten berre nytte engelsk. Her får vi ein arena for å snakke norsk, og mange som kan litt. Samstundes så er nok ikkje dette eit tilbod for dei som er heilt ferske i norsk.

Ifølgje Camilla Storøy Hermannsen forstår ho at det kan vere vanskeleg å kome seg ut for å møte nye menneske utan eit nettverk, og at dette tilbodet difor er noko ho har stor tru på.

Ho og ordføraren oppmodar bedrifter som har mange utanlandske tilsette om å anbefale dette tilbodet.

– Det bør absolutt ha ei sterk eigeninteresse for bedriftene. Det er ein vinn-vinn-situasjon, meiner Berset.

Dersom prosjektet er fruktbart kan tilbodet kome tilbake også i 2015.