Det var i førre veke at politiet stoppa ein bil, på veg frå Furene, ved Botnen i Ulsteinvik.

Ifølgje smp.no sit no den 22 år gamle mannen frå polen, som køyrde bilen, i fengsling.

- Han fekk 21 dagars fengselsstraff og er alt i gang med å sone, fortel lensmann Odd Kulø til avisa.

I bilen som vart stoppa fann politipatruljen 2.000 boksar øl, 150-160 liter sprit, mellom anna 36 liter whisky og knappe 13.000 sigarettar.

Godset vart destruert, og bilen vert også historie om ikkje så altfor lenge.

- Bilen er inndregen og vert nok klemt flat ein av dagane, seier Kulø til smp.no