- Beredskapen på Sunnmøre er høgna og publikum vil oppleve å sjå meir nærverande politi fleire stadar i distriktet, seier fungerande politimeister Ingar Bøen i Sunnmøre politidistrikt.

Ifølgje ei pressemelding skal dei mellom anna auke nærværet på flyplassar, cruisebåtanlø og ved ei rekkje sentrale trafikknutepunkt.

- Det er viktig at publikum ikkje uroar seg over tiltaka. Dette er ein del av beredskapen, seier Bøen.

- Politiet styrkar det lokale samarbeidet med Avinor i tilknytning til Ålesund Lufthamn Vigra, lokale hamnevesen, spesielt i Stranda og Ålesund-regionen sitt hamnevesen og andre sentrale samarbeidspartnerar, opplyser Bøen.

Politiet håpar også at publikum vil viser forståing for at det kan oppstå noko forseinkingar på stadar der politiet utfører kontrollar.

Råd frå politiet:

  • Informasjon som politiet har på noværende tidspunkt inneheld ikkje truslar mot konkrete objekt, arrangement eller personer. Derfor er det ingen grunn til å anbefale folk å ta spesielle forholdsregler.

  • Vi ber likevel folk vere årvåkne. Ser du noko mistenkeleg, ring politiet på telefon 02800. Ved akutte hendingar, ring 112.