Torsdag kveld har UP gjennomført ein trafikkontroll i ei 60-sone i Hareid.

Kontrollen resulterte i 12 forenkla førelegg og eit førarkortbeslag. Personen som vart fråteken førarkortet hadde ei fart på 91 km/t, melder politiet.

I tillegg vart det delt ut 3 bilbeltegebyr, og ein mopedist vart meldt for å køyre utan førarkort.