Skal du ut å reise frå Ålesund lufthavn, Vigra dei nærmaste dagane må du vere forberedt på å bli stoppa i personkontroll. Det er imidlertid ikkje innført krav om ID-dokumentasjon utover det som krevjast i ein normalsituasjon.

Delvis grensekontroll

- Ein delvis gjennomføring av grensekontroll på indre Schengengrenser omfattar at all trafikk med fly eller ferger mellom Noreg og andre Schengenland, og landegrenser mellom Noreg og Finnland, og Noreg og Sverige, seier fungerande politmester Inga Bøen i Sunnmøre politidistrikt.

- Ein delvis kontroll betyr at nordiske borgarar må ha pass eller førarkort, EU-borgarar må ha ID-kort eller pass. Ein må vere forberedt på å bli skjekke, men ikkje alle blir det. Rådet er at ein tek med identifikasjonspapir som beskrive her om du planleggjer å reise frå Vigra dei neste dagane. Vi vektlegg at kontrolltiltaka lokalt ikkje skal skape vesentlege forseinkingar for dei reisande, seier Bøen.

Nærverande politi fleire stader

Publikum ser no meir nærverande politi fleire stadar i distriktet. Blandt tiltaka er politiet tilstades ved flyplassar, cruisebåtanløp og ved ein rekkje sentrale trafikknutepunkt. Det samarbeidast med ein rekkje insatsar fog den kollektive redningsleiinga er satt i beredskap. Politiet er også i dialog med arrangører av større hendingar og objekteigarar blandt anna med tanke på vakthald.

Høgna beredskap under Hødd-Mjøndalen

- Vi stadfestar at vi lokalt vil vere inne med auka beredskap under fotballkampen laurdag mellom Aalesund FK og Lillestrøm samt fotballkampen søndag mellom Hødd og Mjøndalen. Vi kan ikkje gå inn på detaljar på disponeringa av vårt der, men vi styrkar vesentleg for å ha god kontroll, seier Bøen

Råd frå politiet

- Informasjon som politiet har på noverande tidspunk inneheld ikkje truslar mot konkrete objekt, hendingar eller personar. Der for er det ingen grunn til å anbefale folk til å ta spesielle forhaldsreglar.

-Vi ber uansett folk til å være årvåkne. Ser du noko mistenkeleg, ring politiet på telefon 02800. Ved akutte hendingar, ring 112.