- Frå første august vil Parfymelle gå over til å bli Skintonic, bekreftar dagleg leiar av Parfymelle i Ulsteinvik Silje Waage Pilskog.

- August vil vere ein omstillingsmånad, slik vi får sette oss inn i nye system og liknande. Første september vil det vere ei markering for overgangen, fortel Pilskog

Ny giv

- Nytt og spennande konsept, og nytt vareutval gir ny giv. Vi kjem til å ha dei same seriane vi har no, men i tillegg blir det også ein del nye produkt.

- Vi gler oss veldig, og trur det blir svært bra med ein ny start, avsluttar Pilskog.