Stig Jarle Ulstein og Mats Ulstein Eikrem skulle berre ut for å fiske i det flotte sommarvêret denne helga, men fekk ei oppleving av dei sjeldne.

Sjå video frå karane sitt møte med ein heil flokk kvalar, som kom heilt inn til båten.

Kvalane Stig Jarle Ulstein og Mats Ulstein Eikrem møtte er grindkvalar. Flokken har vore på rundtur på Sunnmøre den siste tida, og har vore observert både i Hjørundfjorden og Sykkylven.

Video: Mads Ulstein Eikrem.