Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) har gjennomført si kåring av Norges beste kommunar i NHOs kommune-NM for 2014.

Ulstein kommune er den kommunen i Møre og Romsdal som kjem best ut i kåringa, og ender på ein 15. plass totalt.

Det er bykommunane Ålesund og Molde som kjem på dei to neste plassane i fylket, Ålesund med 26. plass og Molde med 35. plass totalt. Det er berre desse tre frå Møre og Romsdal som er inne på topp 50 i Norge.

På 10. plass i Møre og Romsdal kjem Herøy kommune, medan Hareid følgjer på 11. plass. Herøy er 128. i landet og Hareid plasserer seg på 137. plass av dei 428 kommunane i landet. Sande kommune er på 25. plass av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal.

I NHO sitt kommune-NM blir kommunane rangerte etter arbeidsmarknad, demografi, kompetanse, lokal berekraft og økonomi.

Ulstein kommune skårar spesielt høgt på arbeidsmarknad. Der er kommunen den nest beste i landet, berre slått av Sola, som også er den beste kommunen i landet totalt sett. Kommunen skårar dårlegare på demografi og lokal berekraft.

I Hareid er det kompetanse som trekk mest opp, der kommunen hamnar på ein 76. plass. Demografien er feltet der Hareid skårar dårlegast.