– Eg har dei siste vekene blitt kontakta av fleire fortvila foreldre og brukarar av Overåsanden badeplass/friluftsområde. Slik startar ordførar Anders Riise i Hareid eit brev til Statens vegvesen. Ordføraren oppmodar sterkt om at Vegvesenet eller Møre og Romsdal fylkeskommune snarast må redusere fartsgrensa på fylkesveg 35 forbi Overåsanden ”før det går menneskeliv eller andre større skader.”

- Det har over lang tid vore eit sterkt ynskjer å få redusert fartsgrensa på strekninga forbi Overåsanden i Hareid kommune, skriv Riise.

Ordføraren peikar på at det er mykje tungtrafikk i området og at det kan vere opp mot 7–800 personar på stranda. Av desse er det mange barn, og mange som kryssar vegen, eller syklar langs vegen.

– Mange av dei som køyrer forbi har og blikket ned mot badestranda når det er mykje folk der og dette har skapt farlege situasjonar. Vi trur dessverre det berre er eit tidsspørsmål før nye alvorlege ulukker skjer. Riise legg til at det har vore fleire dødsulukker og ulukker med personskade på strekningen dei siste 15-20 åra.

Riise skriv at han håpar det kan kome på plass midlertidige endringar innan kort tid, og at kommunen og Statens vegvesen i fellesskap kan finne gode langsiktige løysingar gjennom ein ny reguleringsplan.