Torsdag 14. august blir hjortejegarar, jaktleiarar og valdsansvarlege i Herøy, Sande og Ulstein invitert til gratis kveldsseminar om hjortejakt og ettersøk på Kjeldsund ungdomssenter. Tore Andestad i jegeropplæring.no kjem for å informere og snakke om dette.

Han har i eit samarbeid med Norges Jeger- og Fiskerforbund samla inn 10.000 hjorteviltjegarar sine erfaringar med 12.000 skot mot hjortevilt. Ut i frå dette talmaterialet skal han prøve å svare på korleis ein kan bli betre hjortejegarar hausten 2014.

Tema ein skal innom er:

Kvifor går det gale, og når lykkast ein på jakt etter elg, hjort og rådyr. Korleis kan ein bli betre med minst mogleg innsats. Korleis organiserer ein og gjennomfører eit ettersøk.

Ein skal også diskutere jaktleiar sitt ansvar, mellom anna i forhold til det nye regelverket, men også korleis ein kan førebygge konfliktar og skadar på folk og dyr, og korleis ein kan løyse ei konflikt i laget med minst mogleg støy.