Ein mann frå Ytre Søre Sunnmøre er fråteken retten til å køyre bil for alltid.

Dette fordi han i vår, for fjerde gong, har køyrt bil i Ulsteinvik medan han var påverka av alkohol.

Utandingsprøva vart tatt litt under ein time etter køyringa, og viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,73 milligram liter luft etter sikkerheitsfrådrag.

Sunnmøre tingrett har vidare sett straffa til betinga fengsel i 50 dagar, på vilkår av at han gjennomfører eit promilleprogram i regi av Kriminalomsorgen.

Mannen må også betale ei bot på 45.000 kroner, subsidiært fengsel i 15 dagar.