I dei to siste utgåvene av Vikebladet Vestposten har Framstegspartiet sitt forslag om karakterkrav ved opptak til vidaregåande skule fått fleire lokale politikarar til å reagere.

No tek også fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) frå Hareid bladet frå munnen.

– Frp har mykje rett i at det ikkje er alle som har godt av den teoretiske skulen og bør få utvikle seg på anna vis. Men arbeid må vere eit tilbod, ikkje tvang, seier Gjerde.

Ho fortel vidare at ho møtte to ungdommar på samvirkelaget ein dag, og begge var innom på ein kort sommarferie.

– Begge fortalde at dei var skuleleie allereie i ungdomsskulen. Men alle som kjende dei såg at det ikkje var vitet som skranta. Dei greidde rett og slett ikkje å ta inn lærdommen gjennom bøker åleine. No utfører dei viktige samfunnsoppgåver og har trua på seg sjølve.

– Uheldig utsegn

Gjerde meiner FrP har heilt rett i at skuletrøytte ungdommar må få tilbod om noko før sjølvbiletet er vekke på grunn av dårlege karakterar og tilbakemeldingar.

– Vi har sett mange døme på at slike elevar har vorte gagnlege menneske som har greidd seg glimrande i arbeidslivet, og arbeidslivet vårt treng dei. Difor må vi få til eit godt system som gjer dette mogleg, seier Gjerde og legg til:

– Men dei som ønskjer å gå på vidaregåande skule, sjølv om dei har dårlege karakterar i ungdomsskulen, bør ikkje utestengjast! Dette var ei uheldig utsegn av FrP, meiner ho.

Gjerde meiner likskapspolitikken til Arbeidarpartiet feilar dersom alle skal pressast inn i same både.

– Elevane lærer på ulike måtar og har ulik modning.

Set inn tiltak

Gunn Berit Gjerde fortel at utdanningsutvalet i fylket, som har ansvar for den vidaregåande opplæringa, set denne problemstillinga på kartet ofte.

– Vi ser eit alt for høgt fråfall av elevar som gir opp, og at desse ikkje har eit godt nok tilbod. Vi er i ferd med å sette inn tiltak for at desse elevane skal få ein meiningsfull kvardag.