Medan mange har ei trong til å flytte på seg like etter at den vidaregåande opplæringa er fullført, har hjørungavågaren Emil Bastian Reite planar om å bli verande på Sunnmøre dei neste tre åra. Etter at han har brukt eit år på folkehøgskule i Sunnfjord, skal han no til hausten starte på eit bachelorløp i Idrett ved Høgskulen i Volda.

Det valet forklarar Reite med at høgskulen har eit god namn.

– Eg valde å studere i Volda fordi dei har eit godt rykte på seg. Folk som studerer der, som eg har møtt, har også anbefalt meg å studere der. Det gjeld kanskje spesielt for dei som har teke lærarutdanning eller liknande.

Ville bli politi

I utgangspunktet var draumejobben til Reite å studere til å bli politimann, men oppdaga med tida at det ikkje var det rette studiet for han.

– Eg kjende at eg ikkje klarte å setje med ned for å lese norske lover. Det hadde rett og slett ikkje motivasjon til, seier 21-åringen.

Etter at politidraumane vart lagt på is, var det eit anna yrke han såg føre seg kunne vere meir passande for hans interesser.

– Då byrja eg å tenkje på å bli gymlærar. Eg likar å halde meg i aktivitet, samtidig som eg likar å lære bort ting til ungar. So det vart eigentleg berre meir og meir «draumejobben» min, seier Reite engasjert.

Som gymlærar håper han å få moglegheita til å undervise på vidaregåandenivå, men set seg aller først eit førebels mål om å få ein lærarjobb ved ein ungdomsskule.

Usikker på arbeidsstad

Den komande gymlæraren seier seg einig i at det kanskje kan vere litt lite spanande å bli verande på Sunnmøre i ytterlegare tre år. Han håper derfor på at han vil få sjansen til å jobbe ein heilt anna stad i landet når han er ferdig utdanna.

– Det freistar veldig å kome seg bort frå øya, for å få litt nye utfordringar. Men eg tenkte at eg kunne i alle fall bli her litt til, slik at eg får meg ei utdanning, og så får eg sjå om eg finn meg ein jobb ein annan stad i landet, forklarar han.

– Det året eg hadde på folkehøgskule gav meg litt motivasjon til å prøve å kome meg ut frå Sunnmøre. For det er spanande å få møte nye dialektar,   lære seg nokre nye ting og ikkje minst møte nye folk, legg Volda-studenten vekt på.

For både Reite, og dei andre studentane i Volda, startar skuleåret om litt over tre veker.

FAKTA:

Tal frå Høgskulen i Volda syner at 46 studentar frå Ulstein og Hareid har fått tilbod om plass i haust. Dei reknar med at om lag 40 takkar ja.

Barnevernspedagog: to stkSosionom: sju stkBarnehagelærar: seks stk (deltid: éin person)Faglærarutdanning: éin perosnGrunnskulelærar 1-7: to stkGrunnskulelærar 1-7, deltid: éin personGrunnskulelærar 5-10: tre stk

Engelsk: fem stk Idrett: tre stkKunst og handverk: éin perosnMusikk: to stkReligion, livssyn og etikk: to stk

Bachelor i media, IKT og design: tre stkBachelor i planlegging og administrasjon: fire stkBachelor i journalistikk: to stkMat, kosthald og helse: éin person