Førre helg vart ein båt av typen Selva F 6,5 stolen frå småbåthamna på Hareid.

Onsdag ettermiddag vart båten observert av politiet i Ålesund, skriv Sunnmørsposten.

Operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt seier til Sunnmørsposten at alt tyder på at det var båten som er stolen på Hareid politiet tok opp jakta på i Ålesund onsdag ettermiddag.

Politijakt

Politiet fekk tips om båten at båten låg til kai i Skarbøvika onsdag klokka 15.15. Ein patrulje reiste til staden, men båtføraren vart tydeleg skremd og sette ut frå kaia i stor fart i retning mot Giske og Valderøya.

Politipatruljen reiste vidare til Valderøya, og båten vart då observert midtfjords mellom Valderøya og Giske.

Alf Erik Bjåstad frå Hareid er eigar av båten. Han håper at han snart kan få att båten, og opplyser til Sunnmørsposten at der ligg mykje utstyr om bord.