Skattenemnda i Hareid skal i veke 33 (frå måndag 11. august) starte arbeidet med å vurdere klagene som har kome inn på utrekningar av eigedomsskatten.

Varselet om kva sum dei einskilde huseigarane må rekne med å betale, vart utsendt i perioden 15.-20. juni, og prosjektleiar Terje Rasmussen seier til  vikebladet.no at svært mange har kontakta Hareid rådhus med spørsmål omkring utrekninga av eigedomsskatten. Sjølve rekninga er ikkje sendt ut enno.

Skattenemnda har fått inn nærare 100 klager på utrekninga av eigedomsskatten. Rasmussen opplyser at nokre av klagene er reine mistydingar, og at dei dermed ikkje treng ny behandling.

Klagarane vil få melding

Kommunestyret har sett ned ei skattenemnd, med Lidvar Grimstad som leiar. Dei startar altså arbeidet med å vurdere klagene om ei vekes tid.

Etter kvart som det blir gjort vedtak, vil klagarane få tilsendt melding.

Hareid kommune gjer merksam på at faktura som blir sendt ut må betalast på vanleg måte sjølv om folk har sendt inn klage.

Om klagen vert imøtekomen heilt eller delvis, vil dette bli tilbakebetalt i ettertid.