Ein ung mann frå Ytre Søre er av Statsadvokatene i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, tiltalt for blant anna vald mot politiet.

Bakgrunnen for tiltalen er at den unge mannen slo ein politibetjent på høgre handa i samband med eit ordensoppdrag.

I tiltalen heiter det også at den unge mannen nekta å rette seg straks etter dei pålegg, teikn og signal som politiet kom med.

Heldt på å kollidere med politibil

Med i tiltalen er også at mannen har køyrt moped utan gyldig førarkort for denne type motorvogn.

Han køyrde ikkje hensynsfullt og varsamt då han kom køyrande på eit fortau, for deretter å svinge ut rett framfor fronten på ein politibil, slik at det nesten vart kollisjon.