Hødd 2 reiste den korte vegen til Volda for å møte eit heimelag som med tap ville hatt kun fire poeng ned til Florø 2 på den siste nedrykksplassen.

Det var også heimelaget som kom best i gang i Volda, og som tok leiinga allereie etter fem minutt ved Brynjar Kristmundsson. Han hadde berre kort tid tidlegare sett ballen i stolpen.

Hødd 2 kom tilbake og reduserte ni minutt seinare. For andre kamp på rad var det Sindre Thue som sette inn Hødd 2 si utlikning.

Volda var likevel det førande laget i den første omgangen, og då Thomas Malins fann Kenneth André Hole etter 18 minutt var heimelaget plutseleg tilbake i leiinga. Volda hadde også eit par brukbare moglegheiter til før kvilen, men måtte nøye seg med ei eittmålsleiing.

Som Thue tidlegare i kampen, scora også Erik Sandal i sin andre kamp på rad før Hødd 2, og som sist sette Sandal ballen i mål på frispark frå om lag 25 meter.

Då var laga likt og med 20 minutt igjen av kampen var det heilt ope om kven som skulle ta dei tre poenga.

Seks minutt før slutt fall avgjersla. Kenneth Andé Hole dukka opp på bakarste stolpe og sette inn sitt andre og Volda sitt tredje mål for kvelden, og dermed måtte Hødd 2 reise tomhendte tilbake til Ulsteinvik. Volda klatra dermed opp på like mange poeng som Hødd 2 og Årdal, og tok samstundes eit langt steg vekk frå ein potensiell nedrykkskamp før dei siste tre serierundene.