Sist helg deltok Sigvald Hoseth Ulstein, Bård Bjørnerem Brandal og Lukas Renè Orvik Birkelid under Norgescup 3 i taekwondo, arrangert i Bjørnholthallen i Oslo av Oslo Kampsportklubb. Dei tre Ulstein-utøvarane er også med i den nasjonale kadettsamlinga i regi av Norges Kampsportforbund.

For Sigvald Hofseth Ulstein var dette første deltaking i ei nasjonal konkurranse, men han kunne likevel reise heim med ei bronsemedalje. Bård Bjørnerem Brandal vann sin første kamp og gjekk dermed til finale, der han møtte ein svært erfaren motstandar, som mellom anna er skandinavisk meister. Det blei tap i finalekampen, men det var stort for Ulstein-utøvaren å ta si første sølvmedalje.

Lukas Renè Orvik Birkelid vann begge sine kampar i Oslo, og kunne dermed reise heim med gullmedalje. Orvik Birkelid har vore med i ei rekkje konkurransar tidlegare, og tok også gull under NM i 2014.

På heimebane skal Ulstein Taekwondoklubb arrangere Barnefestival i Ulsteinhallen laurdag 17. oktober. Det er eit arrangement som gir dei som er nysgjerrige på taekwondo sjansen til å sjå kva sporten går ut på.

Ifølgje Ulstein Taekwondoklubb kan deltakarane få prøve sjølvforsvar, koordinasjon, balanseøvingar, samt slag og spark.