Det blei etter kvart ein temmeleg komfortabel kveld for Hødd, då laget møtte Team Søre, samansett av spelarar frå 3.- til 6.-divisjonsklubbar frå Søre Sunnmøre. Velgjerdskampen vart arrangert til inntekt for årets TV-aksjon.

Publikum hadde knapt fått sette seg på nye Høddvoll før Hødd opna scoringskontoen for kvelden, og dei var ein av nykomarane i A-trøya, Håkon Botn Brautaset, som fekk æra av å sette inn 1-0 bak Vagn Scheide Mork. Kort tid seinare var det Magnus Myklebust som auka leiinga til 2-0.

Deretter dukka eit kjent etternamn opp på scoringslista for Hødd. Namnet er Hasund, no med fornamn Peter. Han brukte hovudet to gongar, først etter 16 minutt og igjen to minutt seinare, og sette like godt inn to mål i sin debut for A-laget til Hødd.

Hødd var klart det førande laget, men Team Søre-spelarane viste også prov på at det er mange dyktige fotballspelarar også i breddefotballen. Seks minutt før pause skaffa Hareid sin Håvard Øvrelid straffe, då han vart takla av Christoffer Aasbak. Straffa var det ein gamal kjenning i Hødd-miljøet, Eirik Heltne, som tok seg av, og sette sikkert til side for Jan Lennart Urke i Hødd-målet. Dermed 4-1 til pause.

Det vart gjort ganske mange byte på begge laga, og det prega kanskje kampen litt heilt i starten på den andre omgangen. Robin Shroot skaffa straffe, men då angriparen tok straffesparket sjølv gjekk det gale og keeper reddag. Då Hødd fekk frispark etter 61 minutt var det likevel klart for nye mål. Michael Karlsen har slite med å score på jamn basis for Hødd denne sesongen, men frisparket var det ingenting i vegen med og Karlsen auka leiinga til 5-1.

Christoffer Aasbak starta kampen som stoppar, men vart etterkvart flytta ut i sin meir vante venstreback-posisjon og derfrå kom han på eit langt løp og sette inn dagens sjette mål etter strålande forarbeid frå Joachim Magnussen.

Deretter var det Team Søre som skulle få ei ny scoring å juble for. Eit frispark vart slått inn i Hødd sin 16-meter og etter den første duellen var det ingen av Hødd-spelarane som fekk klarert. I staden dukka Anders Bellen opp og sette ballen i mål frå om lag 10 meter.

Heilt på tampen av kampen skrudde Hødd tempoet opp eit par hakk ekstra og Ole Amund Sveen sette inn laget sitt sjuande mål i kampen. Like etter kom Daniel Eid på eit flott løp på høgresida, fekk ballen og frå dødlinja la han eit perfekt innlegg til Michael Karlsen som sette sitt andre og Hødd sitt åttande mål for kvelden.

Meir om Team Søre-kampen og fleire bilete på Vikebladet.no torsdag og i papiravisa laurdag.

Sjå troppen til Team Søre

Her gir vi deg dei viktigaste oppdateringane frå kampen. Kampstart er 18:30.