Edel Charlotte deltok også i fjor på den internasjonale Mälarcupen i Stockholm, då i yngste jenteklasse. I år er ho første års junior og konkurrerte mot dei som er både 14 og 15 år.

Mälarcupen er ei internasjonal invitasjonskonkurranse og samla i år deltakarar frå alle nordiske land i tillegg til Nederland og England.

5. plass til Edel Charlotte i 4-kampen

Edel Charlotte starta i fyrste pulje, saman med turnarar som ikkje var seedet. Edel Charlotte gjorde ei strålande bom-øving utan fall og hadde høgaste vanskegrad av alle dei 34 startande i juniorklassa. På hopp gjorde Edel Charlotte det også bra, men ho fekk ikkje til eit optimalt hopp. I skranke var ho uheldig og fekk eit fall og deretter mindre feil som gjorde at ho turna betydeleg dårlegare enn normalt. I frittståande turna ho ei svært god øving og hadde tredje høgaste vanskegrad i dette apparatet.

Etter fyrste pulje, låg Edel Charlotte på første plass. Publikum var difor veldig spent når dei antatt beste turnarane starta i pulje 2. Og Edel leia konkurransen heilt til siste apparat skulle avgjere kva plassering ho fekk. Til slutt blei det 5 plass i 4-kampen på Edel Charlotte etter at 2. pulje hadde turna ferdig. Edel Charlotte blei slått med 1,2 poeng av vinnaren frå Island, noko som viste at det var svært jamt i toppen, andreplassen vart vunne av ei anna norsk jente frå Oslo Turn mens på tredjeplassen kom ei jente frå Island. Fallet i skrankeøvinga gjorde at det ikkje vart gull denne gangen.

Gull og bronsemedalje

I enkeltapparater vann Edel Charlotte gull i bom, med si bomøving til 11,05. Ho hadde høgaste vanskegrad og vann med 0,3 poeng ned til nummer 2.

Edel Charlotte har ny frittståandeøving og har berre ei konkurranse tidlegare med dette programmet no i hast. Ho turna ei fin frittståandeøving og vart løna med bronsemedalje i denne øvinga til karakteren 11,35. Ei anna norsk jente frå Oslo Turn fekk sølv i denne øvinga.

Alt i alt var dette ei kjempehelg, og eit fantastisk resultat av Edel Charlotte. Resultata lover godt for Høddgymnasten som neste månad reiser til Tyskland for å konkurrere.

Hamburg Open

Fyrste helga i november er Edel Charlotte invitert saman med 3 andre norske turnarar for å turne på ALFA Factor Team Norway under Hamburg Open. Dette er ei lagkonkurranse med over 20 deltakande nasjonar frå heile Europa. Dette vert årets siste konkurranse for landslagsgymnasten frå Hødd og etter dette vert det ei lang treningsperiode for å øve inn nye element for neste års konkurransar som startar i slutten av mars månad.

Ref. Hødd IL Turn.