Hareid spelte uavgjort (2-2) i årets nest siste heimekamp mot Emblem. Venthan Ketheeswaran og Alexander Nevstad scora for Hareid medan Emblem sine scoringar kom ved eit sjølvmål og Jan Olav Humborstad.Det vår så vidt kampen hadde starta før Emblem gjekk opp i leiinga. Etter berre to minutt la Sander Tørlen inn frå venstresida. Dagens Hareid-kaptein, Eiliv-Tore Howlid, var uheldig og sette ballen i eige mål då han prøvde å klarere innlegget. Dei første ti minutta hadde Emblem kontroll på kampen, men Hareid kom seg utover omgangen, spelte god fotball og var best dei siste 20-25 minutta før pausen.Utanom nokre halvsjansar stod Venthan Ketheeswaran bak den farlegaste målsjansen i den første omgangen. Etter 30 minutt slo Joar Møller ein fin stikkar i bakrommet til Venthan Ketheeswaran som kom åleine mot keeper, men avslutninga gjekk rett på Emblem-keeper Csaba Levente Boga.

Robin Diallo hadde ei god scoringsmoglegheit etter 36 minutt, men skotet frå kort hald redda Fredrik Lonbakken på meisterleg vis. Etter 44 minutt kunne Jon Andre Thue utlikne for heimelaget på eit innlegg frå Runar Stranden, men headinga gjekk like utanfor. 0-1 var stillinga til pause.Etter kvilen gjekk Emblem rett i angrep som i den første omgangen og det var ikkje langt ifrå 0-2, men blå/kvitt-trøyene klarte ikkje å overliste Fredrik Lonbakken i Hareid-buret. Deretter tok Hareid over og hadde god kontroll over kampen.

Det var likevel Emblem som dobla i leiinga, når Hareid ikkje klarte å score. Etter 65 minutt la Robin Diallo inn ein corner frå venstresida, og inne i feltet var Jan Olav Humborstad god og stanga inn 0-2.Sjølv om Hareid låg under så gav heimelaget aldri opp og fekk til slutt utteljing. Etter 84 minutt reduserte Venthan Ketheeswaran frå kort hald etter å ha kombinert med Georg Eikrem Olsen. Minuttet etter vart Ketheeswaran felt og Hareid fekk straffespark. Alexander Nevstad tok straffesparket, men Emblem-keeperen redda.

Då tenkte nok mange at kampen skulle ende 1-2, men det gjorde den altså ikkje. Etter 91 minutt hadde Eiliv-Tore Howlid eit godt skotforsøk, men Emblem-keeperen redda fint til corner. Den påfølgjande corneren enda i ny corner og den scora Hareid på. Runar Stranden la inn corneren frå høgresida som Alexander Nevstad stonga inn frå ca. fem meter. Hareid jakta 3-2 like etter avspark, men det målet kom aldri og dermed enda kampen 2-2.

Andre resultat i 4.-divisjon i kveld

* Norborg – Larsnes/Gursken 3 – 0* Langevåg – Godøy 4 – 0 * Rollon – FK Sykkylven 3 – 1

Laurdag

* Vigra – Ørsta* Vartdal – Valder Kampfakta4.-divisjon, runde 20Hareid – Emblem 2 – 2 (0 – 1)Hareidsmyrane stadionTilskodarar: 90Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL.Gule kort: Thue, Driksna (Hareid)Mål: 0-1 Sjølvmål (2), 0-2 Humborstad (64), 1-2 Ketheeswaran (85), 2-2 Nevstad (92).Hareid (4-4-2): Fredrik Lonbakken (Vagn Scheide Mork 85) – Nauris Driksna, Torgeir Skeide, Eiliv-Tore Howlid (K), Joar Møller (Gustav Bjørlykke 64) – Runar Stranden, Alexander Nevstad, Jon Andre Thue, Simon Holstad Grimstad – Thor-Ove Brekke (Georg Eikrem Olsen 60), Venthan Ketheeswaran.*** Ketheeswaran** Thue* Grimstad