Med Volda sin siger over Hødd 2 tysdag blir det nesten garantert berre eitt sunnmørslag som rykkjer ned frå 3.-divisjon denne sesongen. Når også Vigra gjekk på tap borte mot FK Sykkylven i sist serierunde, har både Hareid og Langevåg ei luke på ni poeng ned til nedrykksplassane med tre kampar att av sesongen. Dermed kan begge desse laga byrje planlegginga av neste sesongs 4.-divisjon.

Men før den tid skal dei siste serierundane spelast, og med to heimekampar på dei tre siste, har Hareid sjansen til å pynte på den dårlege heimestatistikken.

Første hinder kjem i form av Emblem, som vann oppgjeret mellom laga i vår med 3-2. Då hadde heimelaget ei 3-0 leiing, før Hareid reduserte to gongar, ved Georg Eikrem Olsen og Ulrik Wingsternes. Sist veke vart det tap borte mot Ørsta, då utan toppscorar Georg Eikrem Olsen, som kan vere tilgjengeleg att til møtet med Emblem etter å ha sona karantene sist.

Og Hareid kan trenge toppscoraren på bana, for av alle laga i divisjonen er det berre Vartdal som scorar mindre heime. Hareid og Langevåg har begge 22 poeng før den 20. serierunden. Derfrå er det fem poeng opp til Ørsta og Larsnes/Gurksen på plassane framom. Torsdagens motstandar på Hareid, Emblem, ligg på ein femteplass før dei tre siste serierundane.

Gir inntektene til ei god sak

Kampen mot Emblem, og Hareid sin siste heimekamp, mot Larsnes/Gursken 24. oktober, har også eit utanomsportsleg fokus. Hareid IL Fotball brukar nemleg desse kampane til å samle inn pengar til prosjektet «Spice of Life», som vart starta av Lions og Norad i Uganda.

Les også: Gir kampinntektene til Spice of Life

Ifølgje Hareid IL sine nettsider er truleg både Georg Eikrem Olsen og Gustav Bjørlykke Kløvning tilbake til kveldens kamp, men laget må også klare seg utan fleire spelarar.

Ulrik Wingsternes, Martinus Røyset Bakken, Håvard Øvrelid, Lars Roar Holstad, William Valde Bigset  og Håvard Knudsen Bjåstad skal alle vere utilgjengelege for Hareid.