Etter 15 av 16 serierunder står Hødd sitt juniorlag med 11 sigrar, to uavgjortkampar og to tap, før sesongen blir avslutta borte mot Herd komande måndag. Den kampen avgjer kven av laga som avsluttar sesongen på andreplass. For Hødd vil uavgjort vere nok. AaFK ser ut til å verte krinsmeistrar.

Laget har både scora mest og sleppt inn færrast mål i den sunnmørske 1.-divisjonsavdelinga for juniorar, og heldt fram den solide forma heime mot Ørsta måndag kveld.

Heimelaget tok tak i kampen frå start, nekta Ørsta rom og leverte til dels mykje godt angrepsspel. Isak Haanes sende Hødd-juniorane i leiinga etter sju minutt, etter strålande framspel frå Karl Bringsvor.

Heimelaget auka leiinga etter om lag halvtimen, igjen etter flott raid på venstresida frå Karl Bringsvor. Denne gongen slo han 45 grader ut der Peter Hasund fekk avslutta via ein forsvarsspelar, i ein boge over keeper til 2-0.

Hødd heldt fram med mykje godt spel i den andre omgangen, og var lenge svært solide bakover. Isak Haanes og Karl Bringsvor la på til 3-0 og 4-0 før Ørsta fekk si første avslutning på mål.

Den kom etter at Hødd gav vekk straffe etter 75 minutt, men keeper Sivert Pieroth var fint nede og slo straffesparket ut til corner, før han blei teken av banen og erstatta av Rikard Osnes.

Med sigeren i boks datt Hødd litt ut av den defensive strukturen og Ørsta fekk kome på ein del gode kontringar. Bortelaget fekk også med seg eit mål på ein av desse overgangane. Rikard Osnes gjorde først ei fantastisk redning og slo ballen i stolpen, men ingen av Hødd-forsvararane var vakne nok på returen og ein Ørsta-angripar fekk sett inn reduseringa.

Hødd hadde bra moglegheiter til å ytterlegare auke leiinga, men det enda med ein 4-1 siger i årets siste heimekamp for juniorlaget.

Hødd: Sivert Pieroth (Rikard Osnes) - Mattis Ringstad, Daniel Eid, William Fjørtoft (Sander Djupvik), Johannes Sundgot, (Amanuel Hagos), Peter Hasund, Daniel Haanes, Sveinung Tilseth Sæterås, Karl Bringsvor, Sindre Thue, Isak Haanes.

Isak Haanes var aktiv på topp for Hødd-juniorane.