Med siger mot Midsund og uavgjort mot Aksla så langt i november, kunne Hødd ta poeng i sin tredje strake kamp på rad mot Elnesvågen - og den sjansen tok dei godt vare på.

Eit litt forseinka Elnesvågen fekk berre dryge 15 minutt på å varme opp, og det sette nok sine spor. Ulrik Wingsternes og Daniel Nysæter sørgja for at Hødd fekk ein god start på kampen, og dei blåkledde leia 3-0 før det var spelt fire minutt.

Gjestene frå Romsdal brukte dryge seks og eit halvt minutt på å finne vegen forbi Hødd-keeper Espen Valø, og etter halvspelt førsteomgang leia Hødd 10-6.

- Prestasjonsangst

Til pause hadde Hødd ei veldig komfortabel 17-10-leiing - noko som trenar Johnny Ulvan trur bidrog til ein rufsete start på den andre omgangen.

- Det vart vegring. Vi avtalar ofte ting i pausen - at vi skal gjere det slik eller slik - for å ta livet av kampen. Men så vegrar vi oss og får rett og slett prestasjonsangst, kommenterer Hødd-trenaren, og legg til:

- Vi leia med sju mål til pause og skulle ut frå start og sprekkje dei, men så skar det seg. Vi må kome litt meir ned på jorda få spelet til å sitje igjen.

For om lag ti minutt ut i den andre omgangen var forspranget redusert til 18-14, men i den siste halvdelen vakna Hødd igjen og rykkte ifrå.

- Eg er nøgd med den andre omgangen kollektivt. Då sat forsvarsspelet bra og så fungerte også angrepsspelet - då vi fekk i gang bevegelsane, summerer Ulvan opp.

Dramatisk slutt

Mykje takka elleve mål frå Daniel Nysæter og sju mål frå Winsternes rodde Hødd enkelt inn 32-22 til slutt, men eit direkte raudt kort til Nysæter og ein tominuttar i tillegg sørgja for at Hødd avslutta kampen med fire utspelarar på banen.

- Alle raude kort er unødvendige - spesielt dei som kjem som følgje av munnbruk. At ein kan vere ueinig med dommaren er vel dei fleste til ei kvar tid, men det går an å halde munnen igjen. Då får ein heller gå og banke hovudet i veggen, spøkjer Ulvan.

I tillegg måtte keeperinnbytar Jon-Christian Ulvan ha medisinsk tilsyn i det han fekk seg ein smell idet sluttsignalet gjekk i Ulsteinhallen.

- Det var tydelegvis eit glatt punkt på golvet som gjorde at han vrei kneet. Det vil nok kome seg. Det er dramatisk når slike ting skjer, men det kjem seg, seier ein optimistisk Hødd-trenar.

- Rimeleg tåpeleg

No ventar det ei sesongpause fram til 10. januar for Hødd, noko Ulvan irriterer seg grenselaust over. Han seier det er godt potensiale i laget, men at dei treng å få spele inn laget og få ballkjensla.

- Det er litt rart å tenkje på at den første kampen vår var 19. oktober. No er det 21. november og så er vi ein halvspelt sesong. Det er rimeleg tåpeleg slik sett.

- Vi kunne gjerne ha spelt trippel serie, for no skal ikkje vi spele andre halvdel før etter januar, og då vert det nesten to månadar med spelefri. Det synest eg er dumt, erkjenner Ulvan.

KAMPFAKTA

Hødd - Elnesvågen 32-22 (17-10)

Tominuttarar: Hødd - 3, Elnesvågen - 5

Raudt kort: Nysæter, Hødd.

Hødd: Espen Valø, Jon-Christian Ulvan, Ulrik Wingsternes (7), Hallgeir Rønning, Ruben Slåttelid, Emil Storøy (5), Jose Jorge Garcia Agis, Daniel Goksøyr (1), Bjørn Håkon Varpe, Kristian Storvik (3), Tim Ole Böhm (2), Andreas Bjerknes, Stasys Galdikas (3), Daniel Nysæter (11)