Fredag og laurdag vart det arrangert Norgesmeisterskap i 24-timersløp på Bislett. Der var Therese Falk, opphavleg frå Hareid, med i kvinneklassa, og løparen som no spring for Romerike Ultraløperklubb gjekk heilt til topps i den knallharde konkurransen.

Falk tilbakela 210,764 kilometer i løpet av 24 timar, noko som vil seie ei snittfart på nærare ni kilomter i timen. Med det sprang Falk om lag 13 kilometer lenger enn Guro Skjeggerud på ein andreplass i kvinneklassa.

Til Kondis.no seier Therese Falch at løpet både var fantastisk og grusomt.

- Du veit du er i rett miljø når du får tommelen opp når du spyr, seier Falk til Kondis.no.