Etter nederlaget mot Sykkylven/Stranda sist søndag ønskte Hødd2 å slå tilbake mot Rollon, som fekk årets første siger mot Hareid for ei veke sidan.

Det var også heimelaget som starta best. Blåtrøyene leia 3-0 før det hadde blitt spelt tre og eit halvt minutt i Ulsteinhallen. Derfrå vart det jamnare og etter dei første ti minutta var stillinga 5-3 til vertane.

Det var likevel ålesundarane som var kvassast før pausen, og laga gjekk i garderoben på stillinga 10-13.

Langt under pari

Og vondt skulle bli verre for Hødd, for i løpet av dei første fire minutta av den andre omgangen hadde bortelaget auka leiinga til 10-16.

Derfrå og ut vart det eit spørsmål om å jake utlikning for dei blåkledde, men med ein Rollon-keeper som tidvis redda alt som kom, måtte trenar Andreas Steinnes Bjerknes og co. innsjå at dei hadde møtt overmakta. Men Hødd-trenaren sleit med å forstå korleis dei klarte å rote bort poenga mot laget som låg på nest sisteplass før helga.

- Vi presterte langt, langt under det vi kan. I om lag tre minutt så er vi på det rette nivået, men etter det så er det veldig mykje som ikkje stemte både i angrep og i forsvar. Det er skuffande, seier ein fatta Hødd-trenar.

Til slutt enda kampen med eit skuffande 22-26-tap. Om Hødd hadde vore effektive framfor målet, så hadde sigeren vore innan rekkjevidd, ifølgje Bjerknes.

- Vi brente vel fire straffer. Då blir det med ein gong vanskeleg å vinne kampar. Hadde vi sett straffene hadde det blitt uavgjort, og hadde vi sett halvparten av skota som hadde gått på keeper eller utanfor så hadde vi vunne med fem mål, meiner Hødd-trenaren.

- Vi hadde alle moglegheitene til å vinne denne kampen, men vi klarer ikkje å prestere på det nivået som vi har i laget og det er skuffande.

Tapte i siste sekund

Endå meir skuffande var det truleg for Hødd1, som starta like etter Hødd2s kamp var ferdigspelt.

- Eg veit ikkje kva eg skal seie. Eg kan ikkje seie noko, eg har ikkje ord. Eg treng ein halvtime eller noko for å finne ord på ein slik kamp, var oppsummeringa av trenar Stasys Galdikas.

Grunnen til frustrasjonen var at på stillinga 25-25 fekk gjestene frå Spjelkavik eit straffekast. Sluttsignalet hadde blåst, noko som betydde at dette var det siste som skjedde i kampen.

Straffekastet smatt forbi høgrefoten til keeper Marie Ulstein - og bortelaget påførte Hødd sitt første tap på sju kampar.

Svært jamt

Laga var så å seie like gode på resultattavla heile kampen, og etter at det stod 16-16 til pause byta laga på å leie i den andre omgangen. Og sjølv om Lindi Galschiødt utlikna til 25-25 i det siste speleminuttet heldt Hødd altså ikkje løpet ut.

- Eg trur laget vart litt forvirra på slutten og gjorde ein del feil, men det skal eg prøve å få retta på i treningane framover. Eg synest heller ikkje at dommarane alltid gjorde jobben sin i dag, men eg kan sjølvsagt ikkje seie at det er deira feil at vi tapte, seier trenar Galdikas, som legg til at det ikkje var nokon god kamp frå Hødds side.

Trass eit sviande tap mot eit lag han ser på som om lag like gode som Hødd, fann han noko positivt å hente.

- Forsvarsspelet i den andre omgangen vart litt betre enn det var i starten av kampen, men i angrep så har det blitt litt færre mål med oss. Så vi har nesten endra situasjon frå å ha eit bra angrep, til å ha eit bra forsvar.

- Men neste gong så kjem vi til å slå dette laget, varslar litauaren.

KAMPFAKTA

Hødd2 - Rollon 22-26 (10-13)

Tominuttarar: Hødd - 1, Rollon - 6

HØDD: Ann Kristin Eikrem, Eline Fylsvik (1), Selene Meinseth, Astrid Grimstad (2), Charlotte Sundnes Hatløy (2), Marte Barstad (9), Maren Hofseth (2), Rikke Amundsen (4), Maria Worren, Ingebjørg Oscarsson (2)

*

Hødd1 - Spjelkavik 25-26 (16-16)

Tominuttarar: Hødd - 4, Spjelkavik - 1

HØDD: Marie Ulstein, Cecilie Roppen (3), Thea Tafjord (2), Guro Kalvø Vattøy (3), Karoline Ulstein, Edny Kvalsund(1), Marte Åsmo, Lindi Galschiødt (5), Elisabeth Økland (11)